Eg har funne Eldrid Lunden. Ho bur på haugen, med jorder rundt på alle kantar, og har ei unormalt stor postkasse ved gjerdet sitt. Eg nikka mot huset då eg gjekk forbi.
Steinar Opstad har, som dykk alle veit, kome med ny bok; "Samle øksene inn om kvelden". Om ein anser seg sjølv for å vera diktar/poet, kan øksebildet bety så mykje, og eintydig er det aldeles ikkje. Om ein ikkje er poet, kan ein drøyme noko slikt som dette: Eg var kraftigare, hadde trent mykje i det siste, drive med vektar, og – når sambuarane mine var ute av huset – armhevingar heime i stoga. Eg traff på ein gamal ven, som tok tak i overarmen min og braut ut: ai, du har funnet fram øksa ja (han kom frå Arendal). Så gjekk eg vidare, og der stod mor mi. Ho tok og eit godt tak i armen min og gav meg eit anerkjennande blikk. Astrid